Lye Skulekorps
 • Om korpset    • Det skjer    • Korleis støtte    • Kontakt oss    • Grasrotandelen    • Linker      • Forsida  

 

 

   Om korpset

Snarveier:
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
 

 

 


Lye skulekorps hausten 2015

Kven er me?

Me er ein liten gjeng med glade musikantar som har det kjempekjekt i lag både på øvingar, konsertar og turar. Vil du spela i lag med oss?

Lye skulekorps er eit brassband for musikantar frå 3. trinn til 3. vidaregåande. Visjonen vår er:

"ME SKAL SPELA LYE MOT NYE HØGDER"

Som medlem i korpset får du:

-Spela og ha det kjekt i lag med jenter og guter på tvers av ulike alderstrinn
-Oppleva glede og mykje kjekt gjennom musikken
-Halda konsertar og marsjera
-Reisa på seminar og sommartur
-Læra å spela eit instrument som du vil ha glede av heile livet

Instrumenter:

Pr. i dag brukar me kornett, althorn, baryton, euphonium og slagverk. Du får låna instrument gratis så lenge du er med i korpset (bortsett frå slagverk).

Pris:

Eit skuleår i korpset er billegare enn vanleg plass i kulturskulen, og eleven får attpåtil meir undervisning. Me har sett prisen til kr 2000,- pr skuleår. Dette inkluderer alt av seminarar, lån av instrument og anna utstyr. Det einaste som må betalast utanom er sommartur og sommarkurs.

Øvingsdagar:

Onsdag ettermiddag: aspirantkorps (kl. 17.00 - 18.30)

Torsdag etter skuletid og utover ettermiddagen: timar åleine med instruktør (20 min)

Me forventar at føresette:

  • Hjelper musikanten å huske på når det er øving
  • Hjelper musikanten å ta vare på instrumentet
  • Motiverer musikanten til å øve heime
  • Stiller som foreldrevakt etter vaktlister på gruppeøvingane torsdagar (dette gjeld ikkje det første halve året
  • Blir med på dugnad 1 gong pr. år for å få inn inntekter til korpset
  •             Hjelper til med praktiske oppgåver og som vakter på seminar ca. ein gong i halvåret.




Get Adobe Reader

 Løpeseddel til nye aspirantar Read file




 

 

 

Kontakt: lyeskulekorps@hotmail.no